Overøye.no

Om Overøye



Øvre Stordal

Mange reisande på tur fram gjennom Stordal har vorte positivt overraska over det opne landskapet dei møter når dei passerer Almås. Dette vidstrakte fjellandskapet er ganske unikt på våre kanter og gir høve til mange opplevingar både sommar og vinter.

Overøye Fjellgrend

Bildet er teke ein dag i februar. Det planlagde hyttefeltet er avmerka på bildet og ligg som ein ser ikkje langt frå alpinsenteret. Frå hyttefeltet kan ein renne inn til påstigning i trekket, ta trekket til toppen og gå sør og vestover på snødekte fjell for så å renne ned til hytta igjen via Nakkeløypa. Eller ein kan gå til høgre mot Langsætrane på oppkøyrde løyper. Feltet ligg austvendt i ly for vestavind, men likevel med gode solforhold.

Overøye Fjellgrend

Hyttefeltet som er avmerka på bildet er under regulering i kommunen og forventa klarert for utbygging sommar/haust 2008. Det er knapt 200 meter frå hyttefeltet til påstigning til trekket, ski inn/ut.

Stordal Alpinsenter/Arena Overøye

Overøye manglar sjeldan snø, og som oftast blir det rikeleg! Det er totalt 4 trekk i alpinbakken: To fjelltrekk, eit familietrekk og eit beltetrekk for dei aller minste. Stordal har eit aktivt alpinmiljø der ein legg vekt på skiglede og trivsel for heile familien.

Vår på Overøye

Skisesongen er over og naturen livnar til etter vinteren. Vil ein til fjells for å nå tak i den siste snøen kan ein gå Nakkeløypa eller Alpinbakken. Det er stier og vegar i området til turgåing og sykling. Spesielt vegen framover mot Langsætrane er ein ypperleg sykkel- og turveg.

Utsikt frå Overøye Fjellgrend mot sør

Eit sommarbilde frå øvste delen av hyttefeltet. Seljebosstind, som ein kan sjå til venstre i bakgrunnen, er med sine 1531 m.o.h. høgste fjellet i Stordal. I hyttefeltet finn ein bjørkeskog utanom dei opne flatene med rognetre og blåbærlyng i botnen.

Utsikt mot Langsætrane

Bak sæterstølane kan ein sjå Dyrdalen med Dyrdalstind på venstre side og Fokhaugtind på høgre. Dyrdalselva som du ser midt i bildet kjem frå fiskevatn lenger inne i dalen. Dalen til høgre fører til Fokhaugstova med sti til Valldalen (3 timar) og Innfjorden (2 timar). Dalen til venstre fører til Kleivavatnet med tursti ned til Tresfjorden (2 timar).

Bading i Stillelva

Mange barn frå Stordal har sine kjæraste minne frå Stillelva ein sommardag. Stillelva har med rette fått namnet sitt, og er til glede for badegjester og fiskeinteresseerte. Foreldre kan gle seg over dei trygge forholda, sidan elva verken er særlig djup eller stri.

Frå Elvabytet mot Overøye

Det er høgsommar i fjellet, og temperaturen kan av og til stige opp til 30 grader. Frå Langsætrane tek det om lag 1 times lett fjelltur å kome til Elvabytet. Her kan du fiske og bade eller berre slappe av og nyte freden. Her ser du Overøyenakken med alpinanlegget midt i bakgrunnen.

Frå Elvabytet mot Innfjordfjella

Du skal leite lenge for å finne ei naturperle som denne. Det tek 1,5 time frå Innfjordsætra og 1,5 time frå Myklebustsætra i Valldal, å gå til Elvabytet. Elvabytet er omkransa av fleire høgfjellsdalar med fiskevatn frå 600 til 1000 m.o.h. ”Trollkyrkjegarden” som ligg like ved, var en marknadsplass for bygdene omkring i gammal tid. Naturen er gjestmild og lett tilgjengelig for alle turgåarar.

Storvatnet ein sommardag

Ein stille sommardag i Storvassosen. Storvatnet er eit fiskerikt aurevatn med optimale gyteforhold. Fisken i dette vatnet er raud i kjøtet og spesielt velsmakande. I lia ovanfor vatnet ligg Storvasshytta som blir halden ved like av medlemmar i Storvasshyttelaget. Hytta er open og tilgjengelig for alle.

Langsæterdagane

Langsæterdagane er ein årlig tradisjon som går ut på å gjenskape noko av stemninga på sæterstølane - Kvitlane og Pusken. I denne helga rundt månedsskiftet august/september er det mykje liv og røre på stølen, med innslag knytt til stølsmat i gamle dagar, matservering, handarbeid, barneleikar, gudsteneste, underhaldning og køyring og riding med hest.

Kvitlestølen

Eit motiv frå Kvitle-stølen og aktivitet rundt Andersselet. Stordal Sogelag har fått leigeavtale på dette selet som er sett i stand slik sela var rundt 1900-talet. På Langsæterdagane blir dette et naturlig midtpunkt for aktivitetane og mange tilårskomne ”budeier” tek turen inn i selet for å minnast slik det ein gong var.

Haust i Elvabytet

Haust

Hausten er ei fin tid i Øvre Stordal. Fjella i sør ligg langt unna og dette gir mykje sol, slik som på denne haustdagen i oktober. Området er frå gammalt av rekna for å vere eit svært godt rypeterreng. Fangsten gjekk føre seg med snare og gav ei god attåtinntekt til gardbrukarane fremst i dalen. I dag kan ein kjøpe jaktkort og forsyne seg av naturen sitt matfat samtidig som ein får ei fin naturoppleving.

Haustfjell

Dette bildet er teke frå lia bak Overøyenakken. Her ser ein fjellet ”Kamben” midt i bildet og ein kan og skimte Lillevatnet til venstre for fjellet. Fokhaugstova er også synleg litt til venstre omtrent midt i dalen. Sola og fjella lager lange skuggar som vitnar om kortare dagar og vinter i vente.

Nyttårsaftan

Her ser du eit bilde frå Langsætrane med utsikt mot Overøye og alpinsenteret på årets siste dag.

Vinter i Øvre Stordal

Bildet er teke i februar frå Jolbotn mot Seljebotn. Frå Overøye og hit fram tek det ca 1 time på turski. Jolbotn fører fram til Kleiva og Kleivavatnet som alltid er islagt på denne tida. Ein svært populær skitur med mykje sol frå tidleg på vinteren.

Isfiske

Det har vorte april og våren er i anmarsj. Storvatnet og Lillevatnet ligg på kvar si side av Kamben og er begge attraktive isfiskevatn. Her er du garantert fangst! På dette bilete frå Storvatnet ser du mot Innfjordfjella. Bøstølen ligg mindre enn ein halv time unda på andre sida av vatnet.

Kleivavatnet i april

En klassisk påsketur går gjerne fram Kleivabotn, over Kleivavatnet og ned gjennom Jolbotn. Tur/retur tek turen eit par-tre timar frå Overøye, eller du kan kose deg i ei solhelling og bruke heile dagen på turen. På neste bilde vil du sjå same motivet teke i juni.

Kleivavatnet i juni

Går du ein times tur frå Overøye mot nord og fram gjennom Jolbotnen ender du opp her ved Kleivavatnet, eit vatn med mykje fisk i. Fjellet ”Overøyestolen” til venstre i bakgrunnen. Turen tilbake går gjerne rundt vatnet og ned gjennom Kleivabotnen eller til høgre over Kleiva og ned i Tresfjorden.